Dei store nedbørsmengdane det siste døgret har ført til fleire små ras på Falla-vegen, ved Kufallfossen. Arne Gjeldnes frå Gjeldnes Maskin var på plass for å rydde vegen, slik at trafikken kan gå. Arne meinte at det må jobbast litt med gravemskin for å få veghellingane til å bli stabile.
Det må nok flyttast litt masse for å få det stabilt, og det er nok snakk om kostnader på fleire hundre tusen for å få bra og stabile vegforhold oppover Falla.