Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fleire bein å stå på for Talgø

Fleire bein å stå på for Talgø

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. februar 2011

Torsdag 24. februar skreiv Talgø Invest AS intensjonsavtale med Bindal kommune om kjøp av drøyt 86 % av aksjane i Bindalsbruket Holding AS.  Dersom handelen blir ein realitet inneber det at dørfabrikken Trenor Dører AS og byggvarebutikken Bindalsbygg AS kjem med på kjøpet. Konsernsjef Terje Talgø signerte avtalen på vegne av Talgø Invest, og da han denne veka var i Bindal for å orientere om planene fekk han applaus både frå kommunestyret og dei tilsette i Bindalsbruket.

Bindalsbruket har slitt med å få produksjonen lønsam i fleire år, og det har i Bindal vore knytta stor spenning til skjebnen for stadens hjørnesteinsbedrift, som i dag har 65 tilsette i dei tre selskapa. Det har vore fleire aktuelle kjøparar, men Talgø trekte altså det lengste strået. Torsdag var det kalla inn til ekstraordinert kommunestyremøte for å ta stilling til intensjonsavtalen som var forhandla fram mellom Bindal kommune og Talgø Invest. Eit einstemmig kommunestyre gjorde altså vedtak om å gå for avtalen med Talgø.

No skal det forhandlast vidare med tanke på at ein skal ha ein endeleg avtale i hamn innan utgangen av mars, fortel ordførar Petter Bjørnli og konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no. Les meir om saka på Brønnøysunds Avis og namdalsavisa.no sine nettsider.

Først publisert: 24. februar 2011, 23:00 - Sist oppdatert: 25. februar 2011, 01:08