Dei to store bukkane hadde nok prøvd seg på kryssing av Toåa i stryket mellom Storfossen og Kufallfossen. Det gikk nok ikkje så bra i den strie elva og det bar nok utfor Storfossen og rett i døden. Toåa har og vore flaumstor, og NVEs målestasjon har registrert over 80 m3/sek natt til måndag.
Dei to hjortane vart så ført med vassmassane i 3-400 meter, mellom Stillhølen og Romåhølen. Elva er framleis stor, med over 40 m3/sek, slik at det er vanskeleg å kome til for å få dei to hjortane på land. Det vil nok bli lettvintast å ta dei på land på Hala-sida når elva blir mindre.
Leiar i viltnemnda, Ragnar Halle fortel at det er eit dyretråkk som går over elva ovafor Storfossen og dei to hjortane har nok feilberegna straumtilhøva i elva denne gongen og vorte dregne med utfor fossen.
Enno ein hjort funne – etter at vi hadde lagt ut artikkelen om dei to bukkane har vi fått melding om at det er funne enno ein bukk – denne gongen i fjæra ved Rossåa. Den har nok lidd same skjebne, trur Ragnar Halle. Bukken som vart funne i fjæra var ein 14-spiring – og eit prakteksemplar av ein hjort. Sjå bildet på framsida.