Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flaumstor elv etter laurdagens silregn

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2022

Regnet starta samtidig som det var avspark i fotballcupen under Todalsdagen, og har halde det gåande gjennom heile dagen.  Dermed har Toåa vakse seg flaumstor av både regnvêret og snøsmeltinga i høgfjellet.

Kor stor elva er har vi ingen sikker indikator på – målaren på Storfossen har ikkje lagt ut noko måleresultat sia fredag kl 17, og da var vassføringa på ca 27,5 m3/sek, og var da på veg opp etter snøsmelting i sol og varme fønvindar.  I dag har det vore forholdsvis mildt, og som sagt har det silregna gjennom heile laurdagen. PÅ bilda vises vassføringa i 16:30-tida – omtrent 75 m/sek som pr definisjon er rekna som ein middelflaum. 

Flaummålaren viste 27,5 m3/sek i dag i 10-tida, da regnet starta og har  berre auka på utover dagen, og var kl 17 komen på 77,2 m3/sek som er ei mesta 3-dobling.  Og enno veks vassføringa, men no i 17-tida har regnet stort sett slutta.  

Mykje vatn i Snekkarfossen i ettermiddag Foto Jon Olav Ørsal

Elva går melfull ved Hafallmelen/Ramsøya. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. juli 2022, 16:07