Regnet starta samtidig som det var avspark i fotballcupen under Todalsdagen, og har halde det gåande gjennom heile dagen. Dermed har Toåa vakse seg flaumstor av både regnvêret og snøsmeltinga i høgfjellet.
Kor stor elva er har vi ingen sikker indikator på – målaren på Storfossen har ikkje lagt ut noko måleresultat sia fredag kl 17, og da var vassføringa på ca 27,5 m3/sek, og var da på veg opp etter snøsmelting i sol og varme fønvindar. I dag har det vore forholdsvis mildt, og som sagt har det silregna gjennom heile laurdagen. PÅ bilda vises vassføringa i 16:30-tida – omtrent 75 m/sek som pr definisjon er rekna som ein middelflaum.
Flaummålaren viste 27,5 m3/sek i dag i 10-tida, da regnet starta og har berre auka på utover dagen, og var kl 17 komen på 77,2 m3/sek som er ei mesta 3-dobling. Og enno veks vassføringa, men no i 17-tida har regnet stort sett slutta.