Her kjem fjerde runde med «Storrundt» frå Todalen Historielag. Denne gongen frå Kvennsetgardane, frå den tida da bygdavegen gjekk bort til Andersstuå og Viastuå. I gamle dagar sto alle husa på gardane på Kvennset i ei klynge der Andersstuå og Viastuå står i dag. Etter utskifting mellom bruka i 1864 vart to av gardane flytta til dit Utigarden og Austigarden ligg i dag.
Utigarden på Kvennset. (Bilete frå 1952.)
Andersstua på Kvennset.
Viastua på Kvennset. Bilete frå først på 1900-talet. Legg merke til at i lia bak har det nyleg gått ras frå Bleikhammaren.
Austigarden på Kvennset (Bilete frå 1952.)
Alle bileta er frå fotoarkivet til Todalen Historielag.