Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein topp topptur til Innerdalen. – Ja, ikkje slik at vi var på Tårnet eller enda verre spissar, men det å rakkel innover og oppover i godt lag til Innerdalen åpnar seg, det er makalaust!, fortel Kristian Ranes i Fjellgrppa
– Verre vart det ikkje da dåmen av nysteikt bakels møtte oss etter som vi kom til vatnet, vi langa ut litt ekstra for å sikre oss plass.
– Heilt bortkasta – hyttevert Eistein stod og tok imot oss, klar med både bakels, rømme og syltetøy!
– Og smørgraut! Det var berre å benke seg og forsyne seg med 5 store bakelshjart, kaffe vart fylt i koppane og setergildet var i gang. Ei overlag triveleg stund!
– Veret var lagomt, vi var 35-36 da vi gikk opp, vonar omlag like mange kom ned, avsluttar han.
Fjellgruppa sin neste fjelltur går også til ein nabokommunen, for da er Garbergfjellet i Rindal turmålet.