Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Vassdalen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. september 2024
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i tysdag turen til Vassdalen innst i Vindøladalen. – Vi er ikkje heilt samde om det var 26 eller 27 som var med til Vassdalen i dag, men at veret var alldeles som bestilt, det var vi enige om, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa
 

Fossen i utløpet av Vassdalsvatnet. Foto: Mary Røen

 
– Å ga innover Vindøldalen frå Breiskarbekken er liksom å kom inn i ei anna ver, for klimaet der er i utakt med fremre dalen, 
 

Gratulerer med 58-årsbryllupsdagen Brynhild og Svein. Foto: Mary Røen

 
– Det gjekk radig i starten, men etter kvart bratta det seg. Heldigvis vart det fleire pustepausar, noko nokre av oss atti køen var glade for.
 

Foto: Mary Røen

 
– Men da utsikten innover vatnet åpna seg, steig trua, og det var overlag å finn seg plass for å ta inn drikke og kakskiv. Vi som har vore med på desse turane i 5 år no, tykkjer det er stor stas at fleire unge kjem med. Men dei går fort! Det rare er at om ti-tolv år er dei og atti enden. Eit lite sukk, seier Kristian. 
 

Heimover Vindøldalen. Foto: Mary Røen

 
– Takk for triveleg tur!, avsluttar han. 
 
Først publisert: 18. september 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 17. september 2024, 21:34