Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Telstadfjellet tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. september 2024
Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Telstadfjellet. – Vi starta frå Lunneplassen på Bergheim og følgde den ytre stien om Langurdenden til Telstadfjellet, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 
 

Liten pust i bakken. Foto: Anne V. Einum

 
– Gjekk først på fin sti opp og gjennom blandaskog. Over tregrensa fekk vi utsyn rundt om og til Surnadalsfjorden, men morgontåka låg over fjelltoppane. Hellet var med oss med opphaldsver heile turen, for vel heime utpå ettermiddagen kom regnet.
 

Gøytt med fjelltur! Foto: Anne V. Einum

 
– På Telstadfjellets topp, 580 moh, vart vi møtt av tre «luringar» som hadde starta turen før oss, og det såg ut for at dei var svært tilfreds med det! Så da vart vi i alt 21 spreke pensjonistar på fjelltur.
 

Kliv til topps! Foto: Anne V. einum

 
– Den likandes og alltid blide Tor Asle guida oss trygt gjennom denne rundturen. Nedturen gjekk om Fjellhøttå, Kroklia og Holtin. 
 

Ved Telstadfjellets topp 580 moh. Foto: Anne V. Einum

 
– Takk for fin tur med positive turvener!, avsluttar Anne. 
 

Ned om Fjellhøttå. Foto: Anne V. Einum

 
Sesongens siste fjelltur for Fjellgruppa blir tur Grytbakksetra, som er ein del av Fjordruta. Meir informasjon om den turen kjem seinare. 
 
 
 
Publisert: 25. september 2024, 12:59