Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til fjelltur til Syltnebba. Turen starta frå Alpinsenteret i Sæterlia og oppover til Syltnebba. – Utruleg bratt var det opp både grusvegen og stien opp til toppen, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. – Det har med åra blitt både brattare og lengre, merkeleg!?, legg ho til.
Men humøret og innsatsen var på topp og alle dei 27 fjellvandrarane kom seg opp på toppen av Syltnebba, 667 meter over havet.
– Fantastisk utsyn rundt i 360 grader, hadde vi og i klårveret, seier Anne.
– Så vakkert med alle fjella rundt om, bygda og fjorden!, seier ho vidare.
– Ja, mest alle kunne og sjå heim!, legg ho til.
Nedatt frå Syltnebba guida Svein Tjelle tørfølget ned ein annan veg enn den dei gjekk opp. – Fint med variasjon, og stien var lett og fin å gå ned på nordsida av Syltnebba, seier Anne.
– Vi gjekk forbi Setersetra og deretter etter Gjertrudstien som enda eit godt stykke oppe i alpinbakken. – Bra for oss at vi slapp å bruke slalomski for å kome ned!, legg ho til.
– Vi hadde flaks med at dette vart den siste godversdagen på ei stund, og er takksame for enda ein tur sanman i triveleg lag, avsluttar Anne.