Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Strengen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. juni 2021

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag feira første sommardag med tur til Strengen, og ein skikkeleg fin sommardag med god sommarvarme vart det! 

Godt med avkjølande snø! Foto: Anne V. Einum

Det var 21 Fjellgruppedeltakarar som kjempa seg opp den bratte lia frå Vang og opp til toppen av Strengen. 

Godt skilta! Foto: Anne V. Einum

– Det ulja godt i solsteiken, så høva til væskepåfyll vart nytta til fulle. Utsikten og matpakken gjorde seg uvanleg godt der vi vagla oss rundt toppvarden, fortel Kristian Ranes frå Fjellgruppa.

Pust i bakken ved Haugenhytta. Foto: Anne V. Einum

– At Nordmøre er den vakraste delen av fedrelandet vart vedteke utan motinnlegg!, avsluttar han. 

Ut på tur, aldri sur! Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag går turen til Møkkelfjellet. Meir informasjon om den turen kjem seinare.

Gammel og ung! Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa ønskjer alle velkomne til å bli med på tur til Møkkelfjellet!

Nedanfor er det nokre bilete til frå gårsdagens tur til Strengen:

Publisert: 2. juni 2021, 05:49