Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Rindal og Garbergfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. august 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Garbergbjellet i nabokommunen Rindal. Og rapportane frå turen tyder på at det vart ein fin tur, sjølv om det låg litt regn i lufta, for dei tjuefire fjellvandrarane. Dei hadde fått med seg Inge og Odd Inge som kjentmenn. 

Solid gammel steinutgard. Foto: Anne V. Einum

– Vi la i veg frå skytebanen etter fin veg og sti, og kom etter kvart fram til ein lang og høg steinutgard. Vi stoppa og tenkte  i vørdnad på alt slitet som låg attom dette minnesmerket over farne tiders rindalingar, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.

Straks på Garbergfjellets topp, 604 moh. Foto: Anne V. Einum

– Regnet som hadde truga oss vart lettare, men det vart ikkje motbakken. Men takk vere god hjelp frå nabobygdingane kravla vi oss opp og opp og ut av skogen og opp i sol og bortimot flatland.

Vakthytta med tilbygg og tårn. Foto: Anne V. Einum

– Ved enden av stien, på toppen var det overlag fin utsikt og ei fin, åpen hytte. Det var godt å sette seg i ly for vinden og få i seg næring. Stor takk til Rørdalen Friluftslag!

Flott utsyn rundt om frå toppen. Foto: Anne V. Einum

– Fantastisk utsikt rundt omkring! Og takk til Odd Inge for gau orientering! Så bar det ein lettare sti nedatt, litt knall og fall, men alle kom fram til bilane med mange fine opplevingar i minnet.

Fjellgruppa med svært flinke guidar Odd Inge og Inge. Foto: Anne V. Einum

– Enno ein gong STOR TAKK til Inge og Odd Inge for orientering og god guiding!

Publisert: 21. august 2024, 07:36