Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Ranessetra tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

Tysdag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret. – Vi var ei lang rekkje som starta oppover mot salen, og veret var knapt halvbra, men vart ikkje verre heller, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. 

Oppå Salen. Foto: Anne V. Einum

Skodda låg nedi dalenes dal, men moralen var god, så vi fortsett innover mot Midtsetra, og etter kvart skein vatnet fram, held Kristian fram. 

Pause på gammelsetra. Foto: Anne V. Einum

Det kringla røyk frå pipa, for der hadde Tor Asle fyra opp og koka ekte seterkaffe. – Til slutt fekk alle plass inni skjelet, og no var vi ein meir: Gudmund K. starta som etteranmeldt frå bommen og nådde oss att på setra – 3,5, km motbakke ekstra gjekk for det same, fortel han.

Kaffekokar Tor Asle på Ranessetra. Foto: Anne V. Einum

– Det vart sagt rosande ord om dei 3 Ranesbrørne (Arne Jostein, Tor Asle og Svein Ivar) og Per Øyahaug som var krumtappane i arbeidet da setra vart restaurert, avsluttar Kristian.

Nostalgi og hygge inne i seterskjelet. Foto: Anne V. Einum

Nedatt gjekk dei om Nilsbu, og no var vêret meir omgjengeleg, seier rapporten frå turen. 

Matpause på setervollen på Ranessetra. Foto: Anne V. Einum

Alt i alt ein fin tur, var konklusjonen til dei tjuesju fjellvandrarane etter tysdagens tur!

Publisert: 11. juni 2024, 19:14