I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Det vart ein overlag fin tur for Fjellgruppa på den såkalla «trekantturen» til Ranessetra, seier rapporten frå turen.
– Veret vart over all forventning, med delvis sol og behageleg varmt, alså betre enn vermeldinga tilsa!, kan Anne V. Einum u Fjellgruppa fortelje.
– Vi, i alt 24 pensjonistar i god turmodus, starta opp frå Skeisnebba parkeringsplass, legg ho til.
Trekantturen gjekk først opp mot og over Salen, og ned att mot gapahuken, der Gammalsetra ein gong stod.
– Så flott utsyn over bøgda, fjorden og Hjelmen på turen over Salen og frå gapahuken!, seier Einum.
Det vart ein liten kvil ved gapahuken før turen gjekk vidare om Midtsetra, langs bekken og Ranessetervatnet til Ranessetra.
Den gamle restaurerte steinsetra med seterskjel, kufjøs, som er 16 meter langt, og saufjøs ligg så naturleg og vakkert til ved Ranessetervatnet.
Setra vart bygd i 1878. Den siste seterdrifta vart avslutta her i 1935.
– På setra venta Tor Asle Ranes oss, med nykoka kaffi. Han hadde tatt snarvegen og tent opp både på åren i på seterskjelet og i utepeisen., fortel ho vidare.
– I det fine veret inntok vi matpakke og kaffi ute på seterstølen. Vi storkosa oss i lag ei god stund før vi tok fatt på heimturen, fortsett ho.
– Så positivt at stadig nye folk sluttar seg til fjellgruppa! Fleire er hjarteleg velkomne! Og hugs, vi er ein triveleg gjeng!, avsluttar Anne V. Einum i Fjellgruppa.