Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Ørnnebba

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juni 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen opp til Ørnnebba ovanfor Nordvik. Fjellvandrarane køyrde opp Blomlivegen og parkerte ved inntaksdammen, 380 meter over havet.

Opp Blomlia. Foto: Anne V. Einum

Derifrå starta dei 35 pensjonistar, som i følge rapportane er ny rekord, på turen opp Blomlia mot målet, Ørnnebba. – Stien var merka og gjekk i myrterreng, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Godt å finne kjølig drikk opp den bratte Blomlia. Foto: Anne V. Einum

Utan overdrivelse, ein «kjøle» bratt sti! Så det var godt å kome opp på fast berg og fjellplattå, men vi fekk i alle fall att for strevet, fantastisk utsyn over fjell, fjordar, og ikkje minst den vakre Nordvikstranda!, fortsett ho. 

Guiden Ingrid skuer utover vakre Nordvikstranda. Foto: Anne V. Einum

– Vi tok ein velfortent lang matpause like under toppen  av Ørnnebba, 674 moh, fortel Anne. 

Ingrid Nordvik ser ned på hytta si og Nordviksetra. Foto: Anne V. Einum

På nedturen tok fjellgåarane, under guiding frå Ingrid Nordvik ein liten avstikkar bort til der Svinviksetra (Nysetra) låg.  

Matpause i fjellets sjeselong. Foto: Anne V. Einum

Fjøset her vart bygd i 1906, og seterskjelet i 1910. Men setra fekk hard medfart vinteren 1953, da eit snøskred tok med seg seterfjøset. Siste setring på Svinviksetra vart da i 1952. 

Flott utsyn frå Ørnnebba til fjella sør for Todalen. Foto: Anne V. Einum

I 1977 gjekk det eit nytt stort snøskred, men denne gongen eit godt stykke unna setra, men vindgufsen frå skredet var så kraftig, at seterskjelet blas over ende. – Det einaste vi kunne finne etter setertufta, var ei grå. gammal gjerdepåle, fortel Anne 

Ved Ørnnebbas varde 674 moh. Foto: Anne V. Einum

Det kunne vore fint for ettertida at denne setertufta hadde vorte merka og fått ei lita tavle om Svinviksetras historie og lagnad, avsluttar Anne. 

På tur nedatt. Foto: Anne V. Einum

Også på denne turen hadde fjellvandrarane vêrgudane med seg, med sol og varme på heile turen. Men på bilturen heim, kom styrtregnet! Griseflaks!, heiter det i rapporten frå turen. 

Her var Svinviksetra som vart teke av snøskred. Foto: Anne V. Einum

 

Publisert: 19. juni 2024, 07:11