Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Karihaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. juni 2025

Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal ferga over Stangvikfjorden til nabokommunen Sunndal og til Ålvundeidet. – Vi parkerte bilane ved Leikvoll stadion, kryssa vegen i fotgjengarundergangen og følgde grusvegar og lysløypa til vi kom til ein sti som gjekk opp gjennom granskogen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Start på turen frå Leikvoll stadion. Foto: Anne V. Einum

– Stien ende opp i Bråttavegen som går vidare innover dalen, forbi Skaudalsvatnet og fram til mastene for fjordspennet til dei to kraftlinene som kryssar Sunndalsfjorden, legg Lars Gudmiund til.

God pause her vi er kome opp på grusveg. Foto: Anne V. Einum

I det vegen svingar ned til mastene gjekk det tå ein kort sti opp til Kariahugen, avsluttar han.

På Karihaugen 487 moh med god matpause. Foto: Anne V. Einum

Etter inntak av niste og beundring av utsikta over fjord, dalar og fjell følge turgåarane vegen ned til Litlbråtten og bilane sine att.

Utsyn over Sunndalsøra med fjorden og mektige fjell rundt. Foto: Anne V. Einum

Dette var Fjellgruppa sin siste tur før sommarferien, og dei ønsker alle ein god sommar og velkomne att til nye turar etter ferien! Første tur etter ferien går til Innerdalen 5. august. Komplett liste over turane etter ferien kjem seinare.

Publisert: 25. juni 2025, 10:25