I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
– Heile 37 opplagte og trivelege turfolk møtte for å vera med – det er ny rekord for Fjellgruppa!, fortsett han.
– Så i dag var det mange nye andlet å sjå, og alle var blide og stemt for topptur, seier han.
– Men også bilturen utover til Hennset var ei oppleving i finvêret, seier han.
– At vakker dramatisk natur fører med seg motbakkar fekk vi sanne etter kvart, men det er i motbakkane det ber oppover, også i andre delar av livet. – Og opp kom vi, heilt til endes, sjølv om vi krangla litt om kva som var toppen, seier Kristian vidare.
– Skal ikkje prøve å seie noko om utskten, men vi vart sitjande lenge. Det var godt å vera der. Men når vi såg arbeidet som er på gang på E39, vart vi samde om at landet vårt er upraktisk. Men fagert, det er det, avsluttar Kristian.
Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går, kan du sjå nedanfor: