Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Ålvundeid og Valsetsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. august 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Ålvundeidet og Valsetsetra. Hos grunneigar Asbjørn Valset fekk dei parkere ved garden, og dei fekk bruke Utistusetra med bord og benker til rasteplass.

Seterelva med sine fossefall. Foto: Anne V. Einum

Kristian Ranes i Fjellgruppa fortel frå turen. – Det var grei veg oppover, men bratt, så vi fekk opp både pusten og pulsen. Men det er vel ikkje minst derfor vi går.

Til seters! Foto: Anne V. Einum

– Det letna da vi såg Rennsetvatnet og kom inn i Valsetbotnen. Her var det utruleg vakkert; ein grøn seterdal omkransa av fjelltoppar og runde knollar. Peknoken er så fint namn at det må nemnast. Å ikkje å gløyme elva! Vatnet fossa nedover som i ei tropp, med mange stoar og hølar som freista til bading. Og så susen og brusen frå alt vatnet på veg nedover.

Kurkåk ved Valsetsetra. Foto: Anne V. Einum

– Seterstølane tok imot oss i det sola kom fram – alt var regissert av ein ekspert! Vi skulle til den øverste setra, der var det plass til alle på verandaen, så vi benka oss og tok fram drikke og mat. Oddvar kåserte om soga til disse setrene, som går attende til midi på 1700 – talet.

Tre som kosar seg på setertur. Foto: Anne V. Einum

– Dei var ikkje berre forlikte dei som røya setervollane: rett nedanfor er det 2 grove steingjerde som går ombreid, berre eit par meter i mellom. Da naboane ville tala den øvste eigaren til rettes og gikk opp 4 mann, dengde han likså godt alle i ein gong. Det var tak i gammelkarrain!, avsluttar han. 

Gamal hustuft med slipestein. Anne V. Einum

Dei 29 fjellvandrarane var i følge samde om det meste og kom seg vel nedatt! Men vi som var 29 i talet var samde om det meste og kom oss vel nedatt!

Publisert: 28. august 2024, 06:37