Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa til Møkkelfjellet.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. juni 2021

I går tok fjellgruppa turen ut av fylket då dei tok turen til Heim kommune der turmålet var Møkkelfjellet. For ei veke sidan var det berre nokre få som hadde høyrt om Møkkelfjellet, så i går var det Møkkelfjellet som gav mål og meining i deira ferd!

Fin utsikt frå Møkkelfjellet. Foto: Anne V. Einum

Møkkelfjellet ligg vakkert til inn i Valsøybotn, og utsikta vart omtala i rosande ordelag, av dei frå Fjellgruppa, som hadde vore der før.   

Utsikt til Valsøyfjorden. Foto: Anne V. Einum

– Men verspåmennene i Yr hadde ingen god dag, for vergudane trekte ned gardina etter som vi nærma oss toppen. Men vi såg no varden. Kanskje vert det ein tur til dit når det blir oppljøst, for stien er god å ga og vandrargjengen som vanleg triveleg å varra i lag med, seier Kristian Ranes frå Fjellgruppa.

Botanikarar. Foto: Anne V. Einum

– Da vi skildest, var vi samde om at det hadde vore ein bra dag.(som det heite i stilane.) (I ein hart tiltrengt matpause prøva vi oss på litt etymologi, og kom fram til at «Møkkel» kjem av surndalsk «møklast med», sjølv om vi ikkje såg nokon grunn til å bli sipåt oppi der.), avsluttar han. 

Under kan du sjå enda fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur til Møkkelfjellet:

Publisert: 9. juni 2021, 05:31