I går starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag haustsesongen med tur til Liagarden. – 15 spreke fjellfolk møttest for fjelltur, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Vermeldinga var ikkje på sitt beste, men moralen var god, så vi la trøstig i veg, fortel Kristian.
– Vi var ikkje heilt sikre på kor langt det var, men det var det, fortsett han.
– Solid rast inni fjøset på Liagarden. Rart å tenkje på at folk hadde levd der, og henta næringa si frå fjellet, legg han til.
– Regnelingane samla seg inni dalbotnen, og sjølv om vi held god fart framatt, nådde tora og regnet oss att. Alle var nok våte, meir eller mindre, men motet var godt, så vi takka for turen og samdes i at det hadde vore ein gild dag!, avsluttar Kristian.
Fleire bilete frå turen til Liagarden i går ser du nedanfor.