Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sesongopne med tur til Høgberget

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. mai 2024

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sesongopna med tur til Høgberget i går. Heile 25 spreke turgåarar møtte opp for å vere med på årets første tur. – Av desse var det fleire nye, fortel ein nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Opp Øygardslia. Foto: Anne V. Einum

Det såg ut til at alle hadde tålt overvintringa godt, og la iveg oppover Øyagardslia i fint driv, fortel Kristian.

Opp Rassdalen. Foto: Anne V. Einum

– God veg og gode stigar samt kjentfolk gjorde at vi kom raskt fram til utsikspunktet på Høgberget. -Overlag fin utsikt over den breie nerbygda, der våronna stort sett er over, fortsett han. 

Snart på Høgberget. Foto: Anne V. Einum

– Men vi såg og stor industri og verksemd ellers, på Syltbakken og uti Røta, legg han til.

Ned til Peslettet. Foto: Anne V. Einum

Etter litt mat og drikke fekk turgåarane nye krefter, og fortsette vidare oppover til ei fin mark som no er beite, men som tidlegare sikkert har vore slåttamark. Det er mange stigar og vegar oppe i Øyagardslia, så nedatt gjekk turen gjennom eit boligfelt og opp til gapahukane ovanfor Øyeskulen.

Tilbake på Høgberget. Foto: Anne V. Einum

– Ein variert og fin tur i ukjent mark for mange av oss, avsluttar Kristian. 

Kvil ved gapahukane. Foto: Anne V. Einum

Neste tyssdag går Fjellgruppa sin tur til Flesa og opp på Solemsetra.

Publisert: 8. mai 2024, 11:14