Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde tysdag invitert til fjelltur til Grytbakksetra øvst i Bæverdalen, men da det allereie var kome snø der, så vart det i staden tur til Årnes, Persullukammen og til slutt Ja-benken. Inga dårleg erstatning i følge rapportane!
– Etter kvart som sola kom fram steig både stemninga og høgda over havet, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
– Det er så rart med det – veret har omtrent alt å seie. Så det vart ein riktig så triveleg sistetur for denne sesongen.
Imponerande kor godt det er merka med namnskilt, både stigar og stader. Det er verdifult å ta vare på gamle namn og gjer det enklare å finne fram. Stor takk til Svein Årnes, han har lagt ned ein stor jobb med dette, avsluttar Kristian
Det var tjueein med på sesongens siste fjelltur, og alle kom ned att, heiter det i rapporten!
Onsdag 13. november prøvar Fjellgruppa å få til avslutningsmiddag på Hammerstuene. Nærare kunngjering kjem seinare.