Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sesongavslutta med tur til Middagshaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. juni 2024

Tysdag avslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongen med tur til Middagshaugen. – Enn at den siste turen vår før sommarferien skulle bli så fenomenal flott! Med 28 – 29 plussgrader og blå himmel i vakker fjellnatur med vidt utsyn!, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Godt utsyn frå Haukarstokken mot Kvennbøen og Eidet. Foto: Anne V. Einum

Fjellgangarane køyrde opp bomvegen frå Kvennbøen opp til Kvenndalen. Derifrå gjekk dei over brua over Kvenndøla.

Kjentmann Lars Steinar Ansnes gjev oss eit godt historisk tilbakeblikk. Foto: Anne V. Einum

Så bars det ganske bratt opp til Haukarstokken, der dei møtte Lars Steinar Ansnes som 
derifrå guida dei gjennom turen.

I alt 34 på veg innover Kvennbøtæla. Foto: Anne V. Einum

Han fortalde korleis det kunne vere stor nytte av haukarplass, her Haukarstokken, før mobilens tid, seier Anne. 

Vi nærmar oss Tælastuå på Kvennbøtæla. Foto: Anne V. Einum

Da dei kom opp på Kvennbøtæla, flata terrenget seg litt ut flata ut og stien var tørr og god å gå.
Framme på ein gamal seterstøl, der det på det meste ein gong var ni hus, vart det ein lang
og god matpause, medan Lars Steinar fortalde mykje interessant om Kvennbøtæla.

Ansnes fortel om setring og slåttamark som var på Kvennbøtæla. Foto: Anne V. Einum

Han fortalte mellom anna frå tida med markaslått og rikt seterliv. Hytta til Lars Steinar Ansnes, som eigentleg
er eit ombygd seterfjøs, ligg på denne stølen. – Vi forstår godt at han stortrivst, får sjelefred
og blir kreativ i denne vesle Tælastuå, 485 moh, seier Anne.

Ved Tælastuå til Lars Steinar Ansnes. Foto: Anne V. Einum

Etterpå gjekk turen vidare opp til Middagshaugen, 614 moh. med vidt utsyn til mange fjell, bøgda
vår, fjordar og fleire bygder langt der borte, fortel ho. 

Lars Steinar Ansnes på Fintenkjarplassen sin. Foto: Anne V. Einum

Framfor varden på Middagshaugen, ligg eit fint flatt berg, som Lars Steinar Ansnes har
gjeve namnet  Fintenkjarplassen. – Vi både såg og følte at dette var rette plassen med 
riktig namn for filosofering og sjelfred, seier Anne. 

Middagshaugen 614 moh med Storfjellet Sula og Bollknubben i bakgrunnen. Foto: Anne V. Eionum

Vi takkar Lars Steinar for guidinga og god formidling om gamle dagar på Kvennbøtæla!, seier Anne på vegne av Fjellgruppa.  

Skulle tatt oss eit bad i desse fine kulpane i Kvenndøla vi og. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa takkar for mange fine turar i godt selskap og vil starte opp att tidleg i august, avsluttar Anne. Kunngjering om oppstart kjem, så det er berre å følge med!

Publisert: 26. juni 2024, 07:27