I går sesongavslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag med ein skikkeleg finvêrstur til Norskå i Tingvoll kommune. 24 turglade fjellvandrarar møtte opp og vart med på sesongens siste fjelltur.
Norskå var eit nytt turmål for Fjellgruppa. – Den gode vegen, og etter kvart stien, viste at dette var eit populært turmål for mange, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
– Mange sprekingar møtte vi, både som kom ned att frå morgontur og som nådde oss att på opptur, fortel han.
– Stort sett berre kvikke damer, som slett ikkje virka frustrerte, legg han til.
Vel oppe ved toppflagget var det eit overlag utsyn vidt omkring, sjølv om vi «berre» var 450 meter over flomerket, heiter det i rapporten frå turen.
– Nordmøre er vakkert – ikkje minst ein slik klår haustdag, seier ein entusiastisk Kristian.
– Og vi såg både heim til Surnadal og Knykjen, – liksom litt tryggare da, når vi var så langt heimåfrå, fortsett han.
– Men ikkje verre enn at vi til års skal prøv oss på grannefjellet, Kjerkjeberget eller Tuvå som dei seier lokalt, avsluttar Kristian.
Ein kan trygt seie at det vart ei sesongavslutning i overlagsvêr!, som det heiter i rapporten frå turen.
Fjellgruppa skal ha avslutningssamling på Hammerstuene seinare i haust. Meir informasjon om dette kjem etter kvart på Trollheimsporten.no og Toddalen.no, så følg med!