Tysdag 17. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag prøver Fjellgruppa på nytt å kome seg til Vassdalen innst i Vindøldalen. Som kjent var det meininga å gå denne turen sist tysdag, men da var vêret for dårleg, så no prøvar dei på nytt og håpar på betre vêr.
– Veldig fin og snill tur! Lett og fint heilt opp til Vassdalen!, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Vindøldalsvegen.
Fjellgruppa ønkser vel møtt!