Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa prisa finvêret med tur til Svarthatten

Tekst Lars Gudmund Røen Foto: Anne Vognild Einum Onsdag 27. august 2025

Dei gode værvarsla slo til tirsdag da målet for turen var Svarthatten, grensefjell mellom Rindal og Orkland. Det var ein  lettgått tur i eit  terreng som breia seg ut i all si prakt i godværet, da ein liten reinflokk helsa på oss i den siste skogkanten. Det vart litt  tyngre  opp den siste bratte delen til toppen, men kva gjorde det når belønninga vart den vide utsikta på toppen.

Tørrskodd over Raudfjellbekken – foto Anne Vognild Einum

Takk til  kjentmann og guide Svein Årnes som  på nedturen inviterte alle til hytta si på kaffe, is, molte og bringebær!

Mange fin bilder frå turen ligg i galleriet nedafor – alle foto Anne Vognild Einum

Publisert: 27. august 2025, 15:05