I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Vaulen. – Det var det vi med eit pent ord kan kalla duskregn da vi møttes på parkeringsplassen, men ingen sure miner, fortel Kristian Ranes. – Alle var programmerte for Vaulen, fortsett han.
– For fleire av oss var det førstegongsvitjing til denne namngjetne fjellgarden hans Musters. – Etter grei sti kom vi fram til den fine setervollen, og like bortanfor ligg den staselege stova på Vaulen, fortel Kristian.
– Vi fikk fortalt om alt dugnadsarbeidet som der var nedlagt. Det var velstelt og i orden både ute og inne. Kommunen har lagt til rette for bruk, også overnatting for ein rimeleg penge, og anlegget fortener å bli bruka!, fortel han vidare.
– Vi inntok mat og drikke i den store gapahuken med utsikt ut over vatnet og skoddeheimen, og var samde om at vi lyt attende ein godversdag for å få rette opplevinga, fortsett han.
På returen var Fjellgruppa innom hytteanlegget til Anne og Brage – der og var det gjort mykje og godt arbeid!, avsluttar Kristian.
Og så er det ei heil veke til neste tur!
Takk til Kristian Ranes for informasjon om turen og Anne V. Einum for bileta.
Fleire bilete frå turen kan du sjå nedanfor: