I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin vekentlege tur til Storhaugen i Todalen. 23 turglade vandrarar møtte opp på Todalshytta for å legge i veg opp mot Storhaugen, med kjentmann Gudmund i front! Fin veg og sti, men det bar oppover, men opp dei 300 høgdemetrane skulle dei, alle som ein!
– Vel oppe venta premien, – ein formidabel utsikt over den vakre Todalen. – Rasteplassen var på kanten av luftig, men ingen ramla utfor, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Nedturen etter god skogsveg, og så følgde vi elva attende. Godt tilrettelagt for ferdsel langs bredden, med opplysningsskilt med namn på hølane. Todalingane får det til!, fortsett Ranes.
Etter turen var det avslutning på Todalshytta med kaffe og nybaka eplekake med is, alt laga på kort varsel. – Ein så god service fortener at vi skryter og nemner at dei startar middagsservering på hytta neste onsdag. Berre så det er sagt, Avsluttar han.
Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur til Storhaugen kan du sjå nedanfor: