I går gjekk turen til Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inn i skoddeheimen, men endte heldigvis opp på Raufjellet, som var turmålet i går. Alle dei 17 turdeltakarane fann vegen, utan at nokon av turdeltakarane «tulla seg bort» i skodda, og kom velberga både opp på Raufjellet og ned att!
– Vi hadde gledd oss til å sjå om vår gode nabo i aust og opp på Raufjellet, fortel Kristian Ranes. – Og dit kom vi, etter at vi hadde gått på fin sti og etter kvart søkkjedikje og blautmyr. Vi ana så vidt toppvarden da vi stoppa, fortel han vidare.
– Kjentmannen peika inn i skodda og sa at der er Rinnhatten og der er Resvatnet, fortel Ranes.
– Med 5 meter sikt var det ikkje så nøye. Men matpakken var like god som moralen ellers, så da vi etter kvart fann att bilane, var vi samde om at det hadde vore ein triveleg dag, og ein fin tur, avsluttar han
No tek Fjellgruppa ferie fram til august. Kristian Ranes i Fjellgruppa fortel at dei meir enn gjerne tek imot forslag til nye måtsame turar til hausten.
Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for informasjon og bilete.
Da står det berre att å ønskje medlemmene i Fjellgruppa GOD SOMMAR!
Nedanfor finn du fleire bilete frå gårsdagens tur til Raufjellet: