Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa nådde Knykens topp

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. juni 2025

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur, og denne gongen var Knyken målet. Vêrvarsla var ikkje dei aller beste for dagen, men da dei 22 godt motiverte pensjonistane møtte opp for å bli med til Knykens topp.

Takk til Malibu som gav oss parkeringsløyve. Foto: Anne V. Einum

– Da vi tok beina fatt ved enden av Skeisnebbvegen på turen opp mot Knykens topp, kom mørke skyer med regn nærare og nærare, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Liten pause med utsyn til Ranessetra og Ranessetervatnet. Foto: Anne V. Einum

– Knyken var omringa av regnskurer på alle kantar, legg han til

Endeleg kom alle 22 opp på Honnstadknykjens topp, 1071 moh. Foto: Anne V. Einum

– Men bærre noker få regndråpar nådde turfolket før dei kom ned til bilane etter ein lang og vellykka tur, avsluttar han. 

Regnbyger rundt om, men vêrgudane var på vår side. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur tysdag, ser ein nedanfor:

Publisert: 11. juni 2025, 15:24