Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med Vindøldalstur

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. juni 2022

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til vakre Vindøldalen. – Vi var litt i tvil, men Fjellgruppa trossa vermeldinga og køyrde til den kanskje finaste fjelldalen vår, seier ein entusiastisk Kristian Ranes i Fjellgruppa.

Startar vandringa frå Stormyra inni Vindøldalen. Foto: Anne V. Einum

– Heldigvis var ikkje vergudane meir trongan enn at dei heldt seg heilt til vi var attende til bilane, fortsett han. 

Matpause på Øvre Breiskarsetra. Foto: B G Ansnes

– Vi fylgde den gamle kløvstigen fra Kjerringenga, var nedom Stortoilla og lura på kor gammel den er, før vi fortsette til Teigasetra og etter kvart til Breiskarsetra. Der var det ein orm som hadde gått ut av sitt gode skinn, så det tok vi med oss, fortel Kristian.

Mange spesielle toller og gaddar i Vindøldalen. Foto: Anne V. Einum

– Vi benka oss omkring på vollen med maten vår, men diverre låg skoddehuva nedpå så vi fekk ikkje det utsynet vi hadde gledd oss på, seier han. 

Ein heilt spesiell gadd. Foto: Anne V. Einum

– Gjekk vidare etter turstigen bort til Breiskarbekken, som er stor grunna snøsmelting enda. Det er ei imponerande kløft som bekken renn i!, avsluttar Kristian i Fjellgruppa. 

Nede på Vindøldalsvegen og enda ein kaffirast. Foto: Anne V. Einum

Alle dei 27 deltakarane kom vel ned att til brua over bekken. Der vart dei samde om at siste tur i vårsesongen, går til Vardfjellet øvst i Bøverdalen, torsdag den 30. juni. 

Takk for fin tur med trivelege folk. Foto: Anne V. Einum

Nedandor kan du sjå fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går:

Publisert: 22. juni 2022, 05:54