Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med «utanriksfart» i går

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mai 2024

Da Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i dag på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, låg skodda midt ned i Knyken. Men det skremde ikkje dei 23 frellvandrarane frå å stille opp, for i går var det «utanriksfart» til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune. – Kanskje rart å køyre og ta ferge for å kom på fjelltur når vi bur meste i Trollheimen, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.- Men det er artigt å sjå naturen litt lenger i uti fysnå og, legg han til.

 

Mali venta oss på parkeringsplassen, så da var vi 24 som starta oppover skogsvegen til uvanleg fine seterstølar, fortel Kristian. – Mange sauer såg og høyrde vi, midt i det som er området med mest gaupe i landet, fortsett han. – Tapet av lam er også formidabelt, kan han fortelje.

Start ved Gammelsetra opp bratt kjerreveg. Foto: Anne V. Einum

Etter kvart som fjellvandrarane kom opp i utsiktshøgde seig skodda på, så det vart litt stusseleg å høyra kor dei som hadde vore der før skrytte av utsikta. – Men triveleg selskap og påfyll av mat drikke – best det var var vi oppe ved varden, fortel han.

Alle 25 er glade for endeleg å sjå toppen. Foto: Anne V. Einum

På heimvegen var turgjengen samde om at Fløystadfjellet skal dei attende til i godvêr!

Plutseleg var vi inni stinn skodde. Foto: Anne V. Einum

Da dei kom ned att til stølane skein det opp såpass at dei såg kor vakkert landskapet omkring dei var. Det var nok verdt både biltur og fergetur, skal vi tru rapportane frå turen!

Oldemødre i skoddeheimen her ved Toppvarden 660 moh. Foto: Anne V. Einum

Og så var det nye som var med og gjekk- det set vi stor pris på, seier ein nøgd Kristian. – Rekruttering er viktig der mange deltakarar lever på overtid, i fylgje statistikken, avsluttar han. 

Ein kvil ved det vakre gamle fjøset på Nysetra før siste etappe ned. Foto: Anne V. Einum

Vi ser ikkje bort i frå at det kanskje er slike turar som held dei i gang?

Publisert: 29. mai 2024, 06:31