Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med styggvêrstur til Nistusetra Mogstad

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. august 2023

I dag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein våt tur Nistusetra Mogstad. – Eg må sei at Hans rønt tolmodet mitt i dag, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.  Forresten var ikkje styggveret så drykt den tia dem ha dråkanamn, – liksom litt gauar alt med seg, legg han til.

Godt merka tur opp Mogstadlia. Foto: Anne V. Einum

Sjølv om det ikkje kunne kallast ekstremver før vi mesta var nedattkomn, så var skodda låg, så vi såg ikkje over dalen og borti Honnstadliene, fortel Kristian.

Ytre Damleet halvvegs opp til setra. Anne V. Einum

Da var det godt å finne den lune Mogstadsetra og få sitte undet tak og forsyne oss av matpakkane, fortsett han.

Godt å sjå setra etter bratt li. Foto: Anne V. Einum

Setervollen er fin, og det hadde vore godt å sitte i graset mellom  blomar og frodige vekster, men det får bli ein annan gong. konstaterer han.

Glad for krypinn på Nistusetra. Foto: Anne V. Einum

Det vart fortalt at døra er frå den gamle Stangvikkyrkja – dem var ikkje så lang folka i gammeltin. Mesta komne nedatt kom regnet til gagns – det vart ikkje tid til å seie takk for turen, men eg trur alle 11 i Fjellgruppa kom fram, fortsett han. 

Gode seterhistoreier ved kjøkkenbordet. Foto: Anne V. Einum

Takk for turen i alle fall!, avsluttar Kristian. 

Publisert: 8. august 2023, 21:12