Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med skikkeleg finvêrstur til Solemsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. mai 2024

I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til fjelltur til Solemsetra, og det vart ein skikkeleg fin tur med finvêr og god temperatur for dei 30 som var med. Som vanleg var det oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, og samkøyring til Flessen og Oppistua Solem, der dei parkerte.

Oppistua Solem, der vi parkerte. Foto: Anne V. Einum

Frå Oppistua Solem starta sjølve fjellturen, og da oppover ein bratt skogsveg opp til Oppistusetra Solem. 

Opp bratt og lang skogsveg heilt opp til Solemsetra. Foto: Anne V. Einum

Der oppe fekk vi ei openbaringa, med det vide utsynet over fjordar, øyer, nes og fjell!, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Ser over Hamnesfjorden til Hamnes og Kjegroneset. Foto: Anne V. Einum

Vêrgudane var og med oss, så med 25 plussgradar, sol og blikkstilt vart det ein lang, god kvil med kaffi, niste og triveleg sosialt lag for oss 30 spreke pensjonistar!, seier Einum. 

Ser heilt mot Stangvikfjorden, Breifjorden og Trongfjorden. Foto: Anne V. Einum

Seterskjelet skal vere blant dei eldste og best bevarte setrene i Surnadal kommune. Setra ligg ekstra fint til her, høgt og fritt over Hamnesfjorden, med utsikt over fleire fjordar og øygarden utanfor. På Oppistusetra Solem var det setring fram til 1944, medan det på Nestusetra Solem, som ligg like ved, var det setring fram til 1942. 

Ein skulle ha vore seterbudeie her ja! Foto: Anne V. Einum

Tankane går til seterlivet i gamle dagar, seier Einum. – Vil tru at det var godt å vere seterbudeie her, mellom fjøsstella vart det vel og litt tid til å nyte utsikta, fortsett ho. – Og kanskje seterbudeiene fekk tid til å besøkje kvarandre?, legg ho til. 

Langs stranda tilbake til Solem gard. Foto: Anne V. Einum

Nedatt til Solem tok fjellvandrarane ein annan veg enn oppover, og gjekk da i staden etter ein merka tursti. – Eit klokt val, for slik fekk vi fin utsikt på heile nedturen til Litlvika, seier Einum. – Deretter vart det ei fin spasetrur på bilvegen 
langs stranda tilbake til bilane våre ved Oppistua Solem, avsluttar ho.  

Publisert: 15. mai 2024, 06:16