Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med rundtur i Vangsgutland

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. august 2022

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin vekentlege tur til Todalen og Ansnesssetra, altså i Vangsgutland. Og dei fekk ein skikkeleg finvêrstur denne nest siste sommardagen. 

 

Oppstart frå Hegerneset. Foto: Anne V. Einum

«Vi starta på Todalsøra og fann stien opp mot Hallsetsetra. Da vi var vel oppe, var den gamle småkrangelen om kvar det er finast og kven som har beste veret avgjort: det er i alle fall brattast i Todalen!», seier Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Utsyn over Todalsfjorden. Foto: Anne V. Einum

«Men alle kom opp og kunne nyte den vakre naturen innunder Rambjøra. Ansnessetra vitna om tida da krøttera var retteleg frittgåande», fortsett han

Orientering i fjell og namn. Foto: Anne V. Einum

«Etter god pause med inntak av drivstoff fortsette  vi til Hallsetsetra. Der var det og spor etter gruvedrift», kan Kristian fortelje. 

Utsyn over mange fjell og dalar. Foto: Anne V. Einum

«Utsikten var formidabel heile fjellheimen rundt. Det sit langt inne å seie, men både veret og naturen var storslagen og vanskeleg å tevle med», legg han stille til, men vi høyrde det! 

Guiden Anders Halset på si hytte med panoramautsikt. Foto: Anne V. Einum

«Sti og etter kvart traktorveg førde oss trygt nedatt til øra. Den er fin, den og!», avsluttar Kristian. 

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går, kan du sjå nedanfor:

Publisert: 31. august 2022, 07:51