I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin vekentlege tur til Todalen og Ansnesssetra, altså i Vangsgutland. Og dei fekk ein skikkeleg finvêrstur denne nest siste sommardagen.
«Vi starta på Todalsøra og fann stien opp mot Hallsetsetra. Da vi var vel oppe, var den gamle småkrangelen om kvar det er finast og kven som har beste veret avgjort: det er i alle fall brattast i Todalen!», seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
«Men alle kom opp og kunne nyte den vakre naturen innunder Rambjøra. Ansnessetra vitna om tida da krøttera var retteleg frittgåande», fortsett han
«Etter god pause med inntak av drivstoff fortsette vi til Hallsetsetra. Der var det og spor etter gruvedrift», kan Kristian fortelje.
«Utsikten var formidabel heile fjellheimen rundt. Det sit langt inne å seie, men både veret og naturen var storslagen og vanskeleg å tevle med», legg han stille til, men vi høyrde det!
«Sti og etter kvart traktorveg førde oss trygt nedatt til øra. Den er fin, den og!», avsluttar Kristian.
Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går, kan du sjå nedanfor: