Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med gråvêrstur til Klokkarhaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. august 2025

Tysdag 19. august inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klokkarhaugen i Stangvik. -Værvarsla var ikkje dei beste for dagen når vi forlet bilane etter å ha køyrt Stangviklivegen opp til der stien til Storsetra kryssar vegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.

Godt skilta ved Storsetra. Foto: Anne V. Einum

– Derifrå går stien opp gjennom granene og den velstelte stølen. Gradestokken viste 5 grader på seterveggen, legg han til.

Mot Klokkarhaugen i skoddeeim. Foto: Anne V. Einum

– Fulgte stien vidare frå sertra til Middagssteinen og dagens mål Klokkarhaugen. Været vart ei blanding av skyer, skodde med ein og annan åpnigen med glimt av sol og utsikt til de omliggjande fjell og fjordar. Nokre regndråpar vart det og’ på nedturen etter at nista vart inntatt på Klokkarhaugen, avsluttar han. 

Publisert: 20. august 2025, 09:00