Vanlegvis går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sine fjellturar på tysdagar, men denne gongen inviterer Fjellgruppa til tur til Bølia fredag 9. juni. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
Derifrå blir det samkøyring til Bøkleppen. – Derifrå er det god, men bratt veg opp lia før det slakkar av innover mot toppen. – Langtidsvarselet er bra, så det blir ein fin tur!, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Fjellgruppa ønsker vel møtt til ny fjelltur!