Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Snøfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. august 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Snøfjellet i Kvenndalen. – Så skulle vi få enda ein fin turdag med opphaldsver innimellom alle regndagane vi har for tida!, seier Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Start frå Kvenndalen. Foto: Anne V. Einum

Vi køyrde oppi Kvenndalen og innover før vi i alt 24 pensjonistar med godt mot, starta på turen opp til Snøfjellet 1009 moh, kan Anne fortelje.  

Lars Gudmund fortel gode historier. Foto: Anne V. Einum

Turen opp til toppvarden er på 4,5 kilometer, og turen har ein høgdeforskjell på 600 meter. 

Endeleg nærmar vi oss toppen. Foto: Anne V. Einum

Så det var både langt og bratt nok! – Og for mange av oss oppi åra, kan det også by på utfordringar med bratte nedoverbakkar! – Men eg vil tru at alle fekk god utteljing med god mosjon i vakker natur og godt selskap, fortsett Anne.  

Toppvarden på Snøfjellet 1009 moh. Foto: Anne V. Einum

Lars Gudmund Røen var med som kjentman, og han hadde mykje interessant og artig å fortelje frå Kvenndalen. På Kavalemmen, der det gamle dagar var markaslått, fekk fjellgåarane også greie på kva ordet «kavalem» kjem av. Gode historier frå Hans Hyllbakk si vandring i fjellheimen fekk dei også høyre.

Klar for bratt nedtur. Foto: Anne V. Einum

Vi tok to matpauser på turen, og det var klokt!, legg anne til.  

Nedtur med vidt utsyn. Stangvikfjorden bakerst. Foto: Anne V. Einum

Takk for nok ein fin turdag!, avsluttar ho. 

Publisert: 30. august 2023, 08:07