Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til nabokommunen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. mai 2024

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Aakvik knoken i Halsa. – Vi gjekk langs vegen ovanfor gardane, som låg der velstelte etter kvarandre, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. Turen fortsette oppover ein skogsveg og etter kvart oppover ein fint opparbeidd sti.

Oppstart ved Halsa kyrkje. Foto: Anne V. Einum

Der er det lagt ned mange arbeidstimar her!, konstaterer han.

Trivsel opp fin skogssti. Foto: Anne V. Einum

– Men det er ein måte å ta vare på naturen på: på myrlendt lende med mykje trafikk blir det snart berre gjørma utan fast grunn. – Og no såg vi at vi var mange – vi var eit langt tog der vi gjekk etter kvarandre, heile 34 og ein hund som tok ut i godveret, fortsett Kristian. 

Kjentmann orienterte oss. Foto: Anne V. Einum

Opp på Aakvik knoken kom dei alle, både to- og firbeinte! Ein utruleg fin plass, med utsyn vide omkring, skal vi tru turrapporten. 

Halsafjorden med Fløystadfjellet i bakgrunnen, dit neste tur går. Foto: Anne V. Einum

– Tustnastabbane låg der så breie, men ikkje verre enn at havet blenkte utover, fortel han.– Dei langsynte sa dei såg Gripfyren uti der; vi får tru dei på ordet, legg han til. 

Ned gjennom vårgrøn lauvskog. Foto: Anne V. Einum

Det var skikkeleg varmt der turdeltakarane rasta i solsteiken. – Spesielt hunden tykte visst det var i heitaste laget  i vinterpelsen sin, og lite vatn å finne, fortel Kristian. – Men ei av damene tok vassflaska si og slo opp i drikkekoppen  og spanderte på den tyrste firbeinte, legg han til.  – «De gode gjerninger skal redde verden», sa B.B, avsluttar han.

Tørst hund etter lang tur i tørt terreng i tropevarmen. Foto: Anne V. Einum

Det vart med andre ord ein skikkeleg finvêrstur til eit fint turmål for dei noko over tretti spreke pensjonistane i Fjellgruppa i går, og nest tysdag ventar ein ny tur og eit nytt turmål!

Publisert: 22. mai 2024, 07:00