I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ein skikkeleg finvêrstur til Innerdalen og Innerdalshytta. – Fjellturar er gauast i godver!, det vart vi samde om da 30 Fjellgruppefolk la i veg opp brattbakkane frå Virumdalen til Innerdalen i går, fortel ein godt nøgd Kristian Ranes i Fjellgruppa.
– Dalen og fjella ikring viste seg frå si beste side: stupbratte, spisse, høge, men med grøne lier som skjørt nedetter og vatnet i midten, der toppane stod opp ned, fortel Kristian.
– Mykje folk på vegen, og mange tungemål. Innerdalen er nok kjent langt utanfor Nordmøre, legg han til.
På Innerdalshytta fekk dei servert bakels med graut og kaffe. – Velsmakande og velfortent, meinte vi, avsluttar Kristian.
Det vart ein skikkeleg fin dag med mange blide andlet, som takka for laget da dei venta på ferga på Rykkjem, heiter det i rapporten frå turen.