Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Kårvatn og Naustådalssetra, Vêrgudane varta opp med nok ein fin haustdag, så det vart ein fin fjelltur fint haustvêr og fin natur.
– Vi fulgte vegen frå parkeringsplassen og over brua til vi kom til godt merka og velbruka sti opp til Naustådalssetra, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
– Nedturen gjekk om Nauståfossen som er eit imponerande skue sjølv om vassføringa var på det minste, laegg han til.
– Takk til Gudmund som viste veg og fortalte!, avsluttar Lars Gudmund.