Tysdag 18.mai arrangerer Fjellgruppa i Pensjonistlaget tur til Øvre Surnadal. Turdetaljane er ikkje heilt klare enda, men det blir tur og oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30, for samkøyring opp til Åmot og parkering ved fabrikken til Ingolf Dønnem, der det er ordna med løyve for parkering.
Fjellgruppa ønskjer alle velkomne til ein fin tur! Ta med mat og drikke. Vil du vere med, så møt opp på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje tysdag 18.mai klokka 10:30! OBS! OBS! Merk at oppmøtetidspunktet er flytta fram med 30.minutt i høve til opprinneleg oppsett!
Den opprinnelege turen skulle ha gått til Strengen, men blir altså erstatta av denne turen, grunna snøtilhøva i Strengen-området.