Fjellgruppa i pensjonistlaget er glad for å kunne invitere til tur att! Tysdag 11.mai går turen frå Kallset til Kvalnesvika. Alle som vil vere med møter på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00, for å organisere samkøyring til Kallset. Stien frå Kallset til Kvalnesvika går litt opp og ned, men er grei å gå, og fri for snø.
Fjellgruppa oppmodar alle om å ta med seg matpakke og noko å drikke. Da ligg alt til rette for ein fin og triveleg tur!
Fjellgruppa ønskjer alle velkomne til å bli med på tur!