I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Austre Tussan. – Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til Austre Tussan, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
– Då det bles så kraftig, kom vi fort til at det vart nok å bestige ein av dei tre toppane på Tussan, fortel ho.
– På turen opp møtte vi tre spreke personar som alt hadde vore på austre Tussan, og dei rådde oss og til å nøye oss med ein fjelltopp på denne vindfulle dagen og med delvis blaut og sleip sti, legg ho til.
– Men opphaldsver og god sikt hadde vi på heile turen, så det vart ein fin og svært så triveleg tur, avsluttar ho.
Fjellgruppa sin neste tur går til Bolia, fredag 9 juni, legg merke til at turen går neste gong går fredag og ikkje tysdag! Meir informasjon kjem når det nærmar seg turdag!
Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går ser du nedanfor: