Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa gjekk Kavlvegen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 6. september 2023

I dag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til den nye Kavlvegen på Eidet. – Yr hadde sendt eit fjelgt langtidsvarsel, men frå morgonen drog dei lokale vergudane fram svarte hausar uti fysnå, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. – Men det vart med hætingjen, og 28 opplagte turfolk stilte opp der vi parkerte på Åsen, held han fram. 

Gjekk etter fin grussti frå Åsen til Lomtjønna. Foto: Anne V. Einum

Forresten synd det ikkje er åpe for gjestar, det er så fint oppå der, legg han til.

Vi går Kavlvegen frå kvilebua og Lomtjønna til Galtmettet. Foto: Anne V. Einum

– Det er grusa ny veg og sti rett over allmannvegen og heilt bortover til Kavlevegen, i fleire lykkjer og vendingar. Her har interesserte og kommunen lagt ned eit stort arbeid, fortel Kristian.

I vakker natur mot Galtmettet. Foto: Anne V. Einum

– Attmed Lomtjønna er det eit stort og pent stavlafta hus, og utanfor eit solid bord med benker, solide dei og. Inni huset er det benker for å sitte på kring veggene – eg trur til og med det var noko varmt å sitte på så gammelt folk ikkje skal frys på stompen sin!, held han fram. 

Snart tilbake til Lomtjønna og kvilebua. Foto: Anne V. Einum

Kavlevegen er god å gå, både den som er laga etter den opprinnelege metoden og den nyare, i fleire svingar som iheng i hop, seier han

To spreke damer som passerte oss i høgt tempo. Foto: Anne V. Einum

Går du alle rundane blir det ein riktig god tur. Og den kan farast både til fots og på hjul  Eit bra tiltak! – det var vi alle samde om!, avsluttar Kristian. 

Først publisert: 6. september 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 5. september 2023, 20:37