I går vart det endeleg tur til Åsbøsnyta for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sist dei skulle på tur dit, spela ikkje vêrgudane på lag med dei, og lenge såg det ut til at dei ikkje skulle gjere det denne gongen heller, men vêret letta såpass at dei 14 deltakarane bestemte seg for å ta turen, noko dei ikkje angra på.
– Det var berre såvidt det vart, men så snudde vêret, så det mesta var utvarainn, og vi la i veg 14 i følgje mot Snytå, seier Kristian Ranes.
– Vi kom oss over søkkjedikje takk vera dugnadsarbeid på stien. Somme av oss som er mest på verda tykte det var kjøle å legg så fine fjøle ni myra, men dei var stødige å ga på, fortsett han.
– Grunna god moral og sterkt tross kom vi alle opp, fekk oss mat og kom oss ned att. Bra tur, avsluttar Kristian.
Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for informasjon og bilete frå gårsdagens tur til Åsbøsnyta.
Neste tysdag blir det Tverrlihytta i Bøverdalen for Fjellgruppa. Alle er som vanleg velkomne!
Nedanfor kan du sjå nokre bilete til frå gårsdagens tur: