Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa besøkte Grytbakksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. september 2025

Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Grytbakksetra.

Start opp fra Øygarden. Foto: Anne V. Einum

– Det var snø på toppane og flomstore bekkar da Fjellgruppa kom til Øygarden og tok fatt på turen til Grybakksetra tysdag, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. 

Vi ser målet, Grytbakksetra. Foto: Anne V. Einum

– Det vart derfor valgt ei alternativ rute innover til setra der det vart inntak av niste ved dei godt vedlikehelde bygningane, der den eldste delen er fleire hundre år, legg han til.

God sikt vestover på heimturen. Foto: Anne V. Einum

– Sola velsigna oss med korte glimt der ho forsøkte å bryte opp det tynne skylagetlegg han til. 

Så kom regnet. Foto: Anne V. Einum

Heimturen gjekk etter den merka stien fram til Indre bekken. Den let seg ikkje krysse, så fjellvandrarane følgde bekken nedover til vegen og over brua og attende til Øygarden.

Publisert: 24. september 2025, 10:17