Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fjellgården i Trollheimen – Premierefest

Fjellgården i Trollheimen – Premierefest

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. august 2009

Dei siste to åra er det gjort opptak av ein barneTV-serie på Kårvatn. Endeleg er det klart for premiere på «Fjellgarden i Trollheimen» på NRK1 den 4. september. Produsentselkapet TMM Produksjon slår på stortromma og arrangerer premierefest førstkomande laurdag. Det skjer på Kårvatn, og Gudmund Kårvatn fortel at det skal settast opp 2 stor lavoar som skal romme 300 personar i den anledning.

Kårvatn2_9828_L

Det er først og fremst et arrangement for barna, og det vil bli underhaldning av forskjellig slag. TMM Produksjon vil vise smakebitar av filmproduksjonen som er gjort. I tillegg kjem sangerinnen i musikken til filmserien, Oline Rørstad Bredeli. THE BATTERY kommer for å ha opptreden, og elles vil det bli fleire lokale undehaldningskrefter.

Premierefesta startar kl 18 laurdag, etter at fotballcupen på Søyabanen er ferdig. Da håpar vi at mange har høve til å vere med oss, seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Han understrekar at arrangementet har gratis adgang for alle. Vi kjem med meir info på Todalen.no etter kvart så det er berre å følg med!

Først publisert: 25. august 2009, 12:36 - Sist oppdatert: 22. januar 2010, 01:14