I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens siste fjelltur, ogdenne gongen gjekk til Steinløa attom Svarrafjellet, sett frå Surnadal. – Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god, kunne Kristian Ranes i Fjellgruppa rapportere etter turen.
– Etter litt finrekning fann vi ut at 25 stilte opp, og alle kom fram til løa i fin stil. – Ein svert idyllisk plass. Rolf Gudmund fortalde om historia til løa, og om markaslått i eldre tider, fortel han.
– Slipsteinen står att og vitnar om at einkvan fyrauende har gjort ein skajobb eingong. – Stor stas at slike gamle løer blir sette i stand – kulturminner av første rang, fortsett Kristian.
– Vi delte oss deretter slik at 15 fortsette over Svarrafjellet og ned att Knykstigen. – Dei 5 mest kaffetørste gjekk nedom Ranessetra og koka kaffe og fekk seg ei triveleg stund rundt utepeisen, avsluttar han.
No tek Fjellgruppa sommarferie heilt fram til 1. august, da startart haustsesongen for fjellvandrarane, og da går turen til Liagarden. Meir informasjon om den turen kjem når turdatoen nærmar seg.